«Det er vakkert her og godt tilrettelagt for bobiler», seier Dag og Liv Torgersen som kom til Måløy søndag.

«Vi har vert på bobilturer rundt om i Europa og Nord-Norge dei siste 8 åra, men i år står Vestlandet for tur. Turen starta frå Bjørkelangen i Aurskog-Høland og vidare over Hardangervidda. I går var det ein stopp i Førde for så å være to dagar i Måløy.»

Kva var grunnen til at dere valgte Måløy og var det greitt å finna fram?

«Vi har høyrt mykje fint om Måløy og ikkje minst fordi vi har kjenningar frå området. Dei har skrytt av området og det med rette.
Det var litt kluss med GPS`n her på slutten da det blei nokre rundturar inn til sentrum og tilbake til brua før vi fann parkeringa, men elles har det gått heilt fint.»

Dei fortel vidare at Kannesteinen og Kråkenes fyr skal besøkast før turen går vidare til Runde og Atlanterhavsveien tirsdag.

Vi ønsker dei ein riktig god tur vidare!